Skaphetero
Du vakner opp ein morgon og det kribler i heile deg. Du hugser draumen frå natta om den nye, store kjærleiken og du vil eigentleg ikkje stå opp av senga. I løpet av dagen bruker du mykje energi for å prøve å etablere kontakt og går dit du trur kjærleiken vil vere å treffe. Kven har ikkje opplevd den stormande og altoppslukande kjærleiken eller attrået?
Slike kjensler kjem gjerne som bomber inn i livet og vi har svært liten kontroll over når det skjer og på kva måte. Kjenslene er stor sett gode, vi får energi av dei og kjenner oss levande. Av og til vert vi såra når den andre kanskje ikkje har like store kjensler for oss som vi har for den andre. Dette kan opplevast like smertefullt kvar gong, huda vert aldri tjukk nok.
Vi har gjerne ei oppleving av oss sjølve som person og kva vi tenner på av kjensler og seksualitet. For nokre har dette vore ein prosess som har gått over tid, for andre er det kjensler som ligg der og som vi ikkje reflekterer så mykje over.
Har du opplevd at nokon har kome ut av skapet som hetero – som kun tenner på personer av motsatt kjønn? Det å kome ut av skapet har vorte overlatt til dei som har eit skap som er ansleis enn det heterofileskapet, dei som opplever å skulle skilje seg ut frå det som er mest vanleg. Betyr det at andre enn sjølvidentifiserande heterofile har tenkt, reflektert og gått gjennom ein mykje meir omfattande modningsprosess enn andre?
Tilbake til kriblinga: kva om den kriblinga brått vert utløyst av ein person som har eit anna kjønn enn det du forventa? Betyr dette at alt brått vert snudd opp ned, ingenting stemmer lengre og at panikken tar deg fullstendig? Det vi vert fortalt er at det ikkje er bra å bryte med forventningane. Er du hetero, skal du fortsetje med dette og det same om du opplever deg som homo eller lesbisk. Men, kven skal vi akseptere bestemmer dette? Er ikkje den einaste til å definere kva som er bra for deg og ditt liv du sjølv?
Det er redsla for det som er framandt som kompliserer livet. Kjærleiken i seg sjølv kan ikkje skade – det er ei kjensle som skaper glede og gir energi. Så, nyt og kos deg med all kjærleiken livet gir deg!
Signert: Tore Holte Follestad. Spesialist i sexologisk rådgiving, NACS. Sex og samfunn.
Poengvurdering er:
|
Skriv ut |
Tips en venn |
|

